tirsdag 2. oktober 2018

Bok om Vedeldslekta på Rovde


Slekta frå Pålgarden i Vedelda på Rovdestranda på Søre Sunnmøre er etter kvart ganske stor. Denne boka gjev detaljerte opplysningar om aner, levnad og ting heilt tilbake til 1700-talet. Som grunnlag for å kjenne og forstå opphavet sitt frå Sunnmøre, finst knapt noko liknande bok !  Mor mi, Karen f. Vedeld Kragset, har skrive om tidlegare slektsledd, og Ole Vedeld f. 1882, mor sin onkel, har skrive eit 25 siders Minneskrift tilbake til sin bestefar ! Sjølv har eg skrive om nokre fotografi og om nolevande slekt.  I boka er mange fotografi, og tekstene er for det meste tydelege.  Boka er på 160 sider, og ho er trykt her i Larvik. Første opplag er på 50 eksemplar, men det er fullt mogeleg å trykke fleire bøker om ynskjeleg. Eg har betalt ca. kr. 150 for kvar bok. Eg planlegg å ta med bøker til Vestlandet til sommaren, men  det beste er at ein henter boka hos meg her i Larvik. Då er eg rimeleg trygg på at vedkomande vil ha ei bok eller fleire !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar