Bøker laga av Hans Kragset
for 6 år siden
DVD-ar og bøker om krigsopplevingar, reiser i hele verda, kulturhistoriske tema og eigen familiehistorie. Heimesida er kartoteket mitt som kan ha interesse for andre. Dersom slekt, vener eller andre ynskjer ei DVD-plate eller bok, kan tinging sendast til mail-adressa mi: hkragset@gmail.com Omsynet til personar på opptaka avgjer kven som kan få ei plate, og for kopierte ting frå video og TV, må eg halde meg til gjeldande reglar. Eg tek kr. 100 pr. plate og kr. 150 pr, bok + portoen.
Efesos var hovudmålet for Tyrkiareisa vår no i mars 2012. Urfolk, grekarar, romarar, kristne og muslimar har bygd, brent, plyndra, stole frå kvarandre og bygd på nytt i minst 4000 år. For det meste brukte dei stein til glede og sut for oss. Eg har kopiert frå brosjyrer i tillegg til bildevideo frå eigne vandringar. Herifrå for Jomfru Maria til himmels, og her levde apostelen Johannes mykje av sitt liv. Begge etterlet seg mykje til turistane. Pliktige butikk-besøk er utelete på denne videoen.
No i mars 2012 har vi vore på busstur i Tyrkia til Afrodites, Efesus og Perge. Vi kom dessverre opp i snøen, og var ikkje heilt kledd for det. Og vi vart køyrd til vel mange utsal av gull, skinn, tepper og suvenirar. Men vi hadde ein flink guide, traff mange interessante menneskje, og såg utruleg mange gamle steinar, søyler og antikvitetar. Om vi fekk mykje for pengane, eller vart overbelasta, er eit diskusjonstema i familien. Men mykje gamal stein er å sjå på denne videoen !
I 2004 var vi på ein uvanleg biltur til Italia. Annfrid frå Ulsteinvik er interessert i måleri og kyrkjekunst, og ho ville sjå gotisk, romansk, barokk, rokokko, klassisk o.l. stilarter. Vi besøkte Hildesheim, Fulda, Ulm, Krumbach, Wies, Pisa, Firenze, Sienna, Pistola, Rom, Assisi, Urbino, Ravenna, Venezia og Aquileia. På denne bildevideoen får de besøke alle desse kyrkjene både utvendig og innvendig. Utruleg kva ein kan få med seg på 3 veker i tillegg til å køyre 800 mil på motorveg.
Gjennom tusener av år har farkostar kome rekande med Golfstraumen og vestavinden til vestkysten av Norge. Steinkorsane på Vestlandet viser at kulturell påverknad kom før den offisielle kristninga av landet. Vi på Vestlandet har altså annan bakgrunn enn dei som vart kristna av danskar, tyskerar og Paven i Rom. Dette er eit lite påakta kapittel i vår historie, men har stor innverknad på ulikskapane i kultur den dag i dag.
Hausten 2001 var Annfrid og Per frå Ulsteinvik + Bjørg og eg på ei vekes tur for å sjå stadane der Luther verka. Dertil besøkte vi sentrum av Berlin og handels-sentrumet i Hamburg. Overnatting i lokale Gasthaus med frukost + kaffi og kakebesøk på kafear, var også svært kjekt. Luther reiv oss laus frå Paven i Rom, og er kanskje den personen som har betydd mest for endringane i heile verda. Han sette einskildmenneske i sentrum, og gav alle lov å tenkje sjølve. Alle lærarar burde dra på ei slik pilegrimsreise.
Til åremålsdagen for presten Mathias Austerheim her i Ørsta laga Bjørg og eg denne DVD-en. Det er ein bildevideo sett saman av fargelysbilete der Bjørg fortel om inventar, måleri, klede og anna utstyr i kyrkje. Videoen er på ca. 20 min. og gjev konsentrert informasjon om kyrkja vår. Mathias har seinare fortalt at han brukte den i konfirmantundervisninga. Eg har laga ein liknande DVD om Vartdal kyrkje. Underleg at ikkje slikt fins om alle kyrkjer !
Safet kom som flyktning frå Bosnia, kjøpte seg hus i Ørsta og vart norsk statsborgar. Han døde før han vart 50 år, og vart den første muslim gravlagt i Ørsta. Etter ynskje frå enkja, laga eg video om heile gravferda slik at slektningane i Bosnia kunne få sjå. Han vart altså som muslim gravlagt på ein kristen kyrkjegard etter muslimsk rituale med mange vener frå bygda til stades.
Bilde-video og video frå ein ei vekes rundtur i Israel. Reiseleiarar var Ottar Berge og Harald Sætre her frå Ørsta. Vi budde mest i Jerusalem, men besøkte også Nasaret, Gallilea, Jeriko og Dødehavet. Å både sjå og oppleve skilnadane på levestandarden mellom Vestbredden og Israel, er tankevekkjande. Ein viktig tur for den som gjekk i skule der karta av Norge og Jødeland hang side om side i klasserommet. Kjekt å reise saman i ei lita gruppe når mange kjenner kvarandre frå før.

For eit par år sidan fekk eg ein granne, Oddvar Sætre frå Vartdal, til å lese Juleevangeliet inn på DVD. Han var redd det kunne kome ut av bruk på Julaftan , og ville difor sikre seg at framtidige generasjonar fekk vite korleis det skulle gjerast. For å fylle ut plata, la eg så inn bildevideoar om Ørsta og Vartdal kyrkjer. Underleg at ikkje kyrkja sjølv i alle bygder lagar slike plater ! Det er frykteleg enkelt og billig å produsere, og ein når mange.


Dr. Hans Kragset gir både helseråd og andre råd til unge og gamle som planlegg reiser i heile verda. DVD-en er godt eigna som rådgjeving for grupper. Då kan ein ta pause, og så diskutere i gruppa om råda er relevante og rette. Alle som skal på langreiser, bør lære korleis ein skal unngå skader og smittsame sjukdomar. Og skal ein hugse kunnskapen, må ein halde seg edru. Å gå inn på nettet og sjekke råda frå legehald, er svært lurt !