torsdag 22. april 2021

Vår oppvekst på Kvamsøy, Auli, Heissa og Måløy

Eg har svært mange fotografi frå min oppvekst, og faktisk trur eg at eg fekk dei fleste etter foreldra mine. Men mange av bileta er små og i svart-kvit. Skal framtidige generasjonar få glede av dei, må dei forstørrast og skrivast om. Det har eg gjort i denne boka. Bilete er meir sannferdige enn ord, og gjev grunnlag for eigne tankar om levemåte og utsjånad. Dei kan også skannast og brukast på nytt av mange. For meg er det ei ære at flest mogeleg har glede og nytte av boka. Larvik 16. mai 2021 Hans Kragset

mandag 8. februar 2021

Anders Redal. Haugianar-emissær og ordførar.

Anders Redal var fødd i 1811 og døde i 1896. Han var ordførar i heimbygda der i Sunnfjord, og han reiste i 50 år som talar rundt i heile Sør-Norge. Mor til Bjørg kom frå Redalsgrend, og ho var oldebarnet til Anders Redal.På sine eldre dagar skreiv han eit dokument på ca. 90 sider om reiseverksemda si på 1800-talet. I tllegg til si religiøse oppgåve fortel han om korleis han gjekk, overnatta og fekk seg mat. Verkeleg Norges-historie på grasrotplan!

lørdag 5. desember 2020

Turmål i Norge

Når ein reiser rundt i Norge, treng ein kunnskap om interesseante reisemål. Sidan 1950-talet har vi reist og fotografert mykje, og no har barnebarna mine bede meg lage ei bok om turmål. Dette har så vorte ei bok på 150 sider med ei side for kvart reisemål. No til dags finn ein lett opplysningar om alt på mobilen, men ideane må ein tenkje ut sjølv. Det er denne boka godt eigna til. Men fordi mange av fotografia viser personar på tur i vår famile, passer ho best for slekta.

torsdag 1. oktober 2020

Båtbygging i Steinhovden

I 100 år har dei bygd båtar i Steinhovden. Siste 60 åra har eg teke mange fotografi av dette arbeidet, og no har eg saman med historier fortalt både av meg og slekta laga ei bok om denne verksemda. Boka er ikkje vitenskapeleg, men eigna for vanlege folk. Den tid sjøen var vegen og båten framomstmiddelet, var slik bygging av mindre båtar avgjerande for busetnaden. Dette er vår nære historie som no er slutt.

tirsdag 26. mai 2020

Jorda rundt. Hawaii og Fijii

Hausten 1992 var barna flytta heimanfrå, all gjeld var nedbetalt, og vi var begge fyllt 50 år. Då tok vi fri utan løn frå arbeidet og reiste verda rundt i 5 månader. Bjørg skreiv dagleg dagbok, og eg fotograferte. Denne boka her er skanna kopi av dagboka og fotografia frå den perioda vi var på Hawaii og Fijii-øyane.  Vi reiste som backpackers og levde delvis saman med dei innfødte. Dette er autentiske reiseopplevingar frå relativt kort tid etter at dei innfødte på Fijii gjekk frå kanibalismen til katolisismen !

onsdag 29. april 2020

Tanker, meiningar og opplevingar

Gjennom dei siste 30 - 40 åra har eg mange gonger gripe til pennen for å få utløp for frustrasjon og meiningar. På lange turar har eg også hatt trong for å skrive om opplevingar og filosofiske historiske tankar. Til mi store glede har no barnebarn i ungdomsalderen sagt at dei har lyst å lese kva eg har tenkt og skrive. Det synest eg er smigrande sjølv om faren for usemje er svært stor. I alle høve gjev det noko å krangle om, og det er kjekt. Så her er 140 litt provoserande artiklar.

lørdag 14. mars 2020

Ting og tang frå Måløy

Det meste som fanst i barndomsheimen min fram til 1950-talet var laga av fabrikkar lokalt eller av oss sjølve. Kvinner og jenter strikka, vov og sydde. Menn og gutar snikra og reparerte. Ting og utstyr arva frå tidlegare generasjonar vart myje meir teke vare på enn no. Alle desse tinga hadde namn som no går tapt. For 40- 50 år sidan fekk eg foreldra mine til å skrive om mange ting. Som ein av dei som framleis hugsar dette, har eg funne det viktig å lage denne boka på 160 sider med bilete og tekst.