fredag 1. august 2014

Janet og Kristian Kjerstad sitt bryllaup 2014

Så har eg altså vore i multikulturelt, multikristeleg og multispråkleg bryllaup på Lepsøya. Til og med presten snakka med 2 tunger, litt engelsk og litt norsk.  Men eg må vel berre akseptere at verda har vorte mindre.  Janet hadde fått besøk av 4 pene slektningar til bryllaupet, og Kristian si slekt møtte mannjamt opp.  Turid, Kristian si tante frå Måløy, leidde samkoma med fast hand. Ho hadde kontroll med kven som talte, kor lenge dei fekk halde på, og eg fekk til og med sensur på kva eg hadde tenkt å seie. Det gjorde at eg kom rimeleg godt frå innlegget. Med 70 gjestar vart gåvebordet langt og rikhaldig, men likevel tvilar eg på at det gjekk i balanse når eg tenkjer på maten, husa og all innkvarteringa.  Eit minnerikt brullaup vart det i alle høve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar