fredag 4. juli 2014

2014 Biltur til Lofoten og Målselv

Siste 14 dagane i juni har vi vore på langtur med bil i alt 442 mil. Norge er skrekkelig langt nord for Trondheim. Vi besøkte kjende i Moelv, Dombås, Målselv, Borkenes og Trondheim.  Dette korta litt på utgiftene til hus og mat, og faktisk trur eg slike korte slektsbesøk er til glede for dei vi besøkjer også. Dei fleste slike bilturistar reiser no i bubil, men då får ein lite kontakt med omverda utanom fjell og fjordar. Eg hadde med telt, men fekk ikke sett det opp. Temperaturen låg mellom 4 og 11 plussgrader, det regna nesten dagleg, og misnattsola lurte oss.  Men vi opplevde utruleg mykje, og sjølv med 2 timar på ei slik DVD-plate, fekk eg problem med mengda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar