onsdag 11. juni 2014

70-årsjubileet for D-dagen i Normandie.

Som den einaste av 40000 norske sjøfolk ved krigsutbrotet i 1940, fekk min nabo, Helge Andresen her frå Larvik, take del i feiringa 70 år etter invasjonen i Normandie. Han sit her heilt til venstre saman med veteranar frå Marinen og Luftforsvaret. Helge fekk seg nytt pass og digitalt fotoapparat for første gong. Han overlevde ei hektisk veke i Normandie og Paris, og han kom heim med masse inntrykk. Denne plata inneheld hans eiga beretning om invasjonen, og om å vere sjømann på Atlanterhavet og Middelhavet gjennom heile krigen. Ein får også sjå han helse på kong Harald i 2014, og høyre opplese avisartiklar både om han og andre av veteranane. Skal nokon få denne plata, må eg nok søke løyve av Helge !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar