Viser innlegg med etiketten 3 Bjørg og Hans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 3 Bjørg og Hans. Vis alle innlegg

onsdag 29. april 2020

Tanker, meiningar og opplevingar

Gjennom dei siste 30 - 40 åra har eg mange gonger gripe til pennen for å få utløp for frustrasjon og meiningar. På lange turar har eg også hatt trong for å skrive om opplevingar og filosofiske historiske tankar. Til mi store glede har no barnebarn i ungdomsalderen sagt at dei har lyst å lese kva eg har tenkt og skrive. Det synest eg er smigrande sjølv om faren for usemje er svært stor. I alle høve gjev det noko å krangle om, og det er kjekt. Så her er 140 litt provoserande artiklar.

fredag 2. mars 2018

Historier frå Ørsta

Gjennom mange år har eg som hobby skrive historier om ting og hendingar i vår eiga familie. På reiser har eg som tidsfordriv skrive om opplevingar, og som lokalpolitikar hadde eg mange innlegg i lokalavisa. Kvart år skriv vi julebrev til slekt og vener. Det vert nærast som ei oppsummering av året som gjekk. På hytta vår på Leikong på Gurskøya var også mykje å skrive om frå barna sin oppvekst. Vi har no budd 7 år i Larvik, og jammen hender det ymse her også ! Denne plata er mest tenkt for våre eigne etterkomarar, og med 10 barnebarn, og snart utsikt til meir forplantning, håper eg på mange kunder !

lørdag 13. desember 2014

Bjørg sine forfedre i Sunnfjord.

Sjølvlaga julegåver til barnebarn er fornemt. Bjørg syr og strikkar. Tidlegare har eg høvla og smidd. No er handverket mitt å lage DVD-plater. Altså må eg finne tema for heimelaga og handlaga plater.  Omtale og fotografi av farne generasjonar passar då godt. Eg har fotografi tilbake til starten på denne kunstforma på Vestlandet, og vi både kjende og snakka med personane frå denne tidsperioden. Altså er denne DVD-plata unik, og kan ikkje meir gjenskapast.  Dette bør fleire i slekta merke seg !

søndag 26. januar 2014

Hans som dekksgut på rutebåten Måløy 1953

Rutebåten Måløy med mannskap på 8 gjekk i rutefart i Nordfjord frå Selje i nord, Kalvåg i sør og Stryn i aust. Då før bilar, bussar, store lastebilar og fly var komne i vanleg bruk, vart varer, post, folk og dyr frakta med rutebåten. Han kom eit par gonger i veka, og då møttest folk på kaia for å høyre nytt. Eg hadde jobb mykje av sommaren 1953 som dekksgut i slik fart. Eg lasta  og lossa, styrte og vaska på dekk, og var i det heile ein del av mannskapet. Opplevingane var viktige, og å tene pengar var også kjekt. Denne DVD-en gjev innsyn i ei verd som forsvann.

fredag 3. januar 2014

Prospektkort frå 1919 til 2014



Før mobiltelefonen si tid sende ein prospektkort til slekt og vener når ein var på tur eller ville fortelje noko kortfatta. Mor tok vare på dei korta både ho og far hadde fått, og ho kasta heller ikkje dei ho hadde overteke frå tidlegare generasjonar. Eg har arva både korta og tradisjonane etter henne, og eg har til og med utvida samlemanien til å gjelde barna, svigerbarna og barnebarna våre + andre når det har falle seg slik.  No har eg skanna vel 400 bildekort på begge sider fram til år 2016 slik at ein i tillegg til motivet, ser avsendar, mottakar og helsinga. Dette er reine familiesagaen i kortform.


lørdag 28. september 2013

Lærarfamilien Kragset på Auli 1946 til 1949

Far var lærar, og i min barndom budde vi på fleire stader. Eg har fotografi frå der vi budde, der Bjørg og eg har budd, og der besteforeldra våre held til.  Bildemengda har med kvart vorte stor og kaotisk, og utan tekst om kva som er å sjå, vert alt med tida verdilaust. Eg er no den generasjonen som hugsar tilbake til starten på fotograferinga i Norge, og føler difor eit ansvar for å finne fram til moderene måtar å ta vare på dette. På denne CD-plata kan ein på PC lese alt eg har skrive om livet den gongen på Auli, og dertil sjå og ev. skrive ut alle fotografia og tekstene. Slik kan masse dokumentasjon mangfoldiggjerast og gjerast tilgjengeleg for slekt og andre intersserte.


fredag 6. september 2013

Vickie Hawkins fann forfedrene sine i Sunnfjord. 2013.





Sommaren 2013 kom Vichie Hawkins, ei slektning av Bjørg, frå Wisconsin på besøk til Norge. Vi vart invitert til Bjørg sin bror, Ottar, i Bergen. Derifrå køyrde vi med Vichie til Sunnfjord for å treffe heile slekta. Viktig for Vichie var i vitje garden Teigen der oldefaren kom frå. Vi fann gravsteinane til tippoldeforeldra på Eikefjord kyrkjegard. Bildevideo frå Steinhovden og Helle med slekta der. Kommentarane mine er på norsk, men burde helst vore tospråklege.

Ei veke opphald i høve Gullbryllaupet i Toscana i Italia i juni 2013.

18 personar frå vår etterslekt var saman 1 veke i eit stort, gamalt steinhus oppe i fjella i Toscana i Italia. Vi hadde stort fint symjebasseng, fint uteområde, godt utstyrte kjøkken og baderom, og lett tilgong til byar som Firenze, Pisa, Vinci og Lucca.  Bjørg og eg køyrde tur - retur gjennom Europa i eigen bil. Asle, Kari og Elin flaug, og leigde bilar der sør. Det er no både billigare og raskare.  Men slik køyretur i Europa med overnattingar i Gasthaus, er ei stor oppleving i seg sjølv. Om nokon synest slik feiring er ein god ide, står vi gjerne til teneste med opplysningar. Prisen for alle oss 18 var ca. kr. 20000 for ei veke.

torsdag 11. juli 2013

Video-film om Gullbryllaup i Toscana og St.Tropez i 2013.

Vi har feira gullbryllaup saman med etterkomarane våre i Italia og Frankrike.  Alle unnateke meg og Bjørg flaug og brukte leigebil. For meg meiner eg det var 30. gongen tur-retur over Alpane. Underleg å tenke på at i 1967 rulla ein svenske ned bilvindaugo i Ramatuelle, og sa at vi var første norske bil han såg der. I år såg eg ingen norskregistrert bil i Frankrike. Ringen er slutta !  Vegane er overfulle av bilar, lastebilane er i fleirtal, alle køyrer fort, og køane er lange. Dertil er der høge avgifter på motorvegane. Forståeleg at yngre folk ikkje gjev seg ut på slikt ! Men når ein greier det utan uhell, gjev det ein slags god meistringsføling.

torsdag 26. juli 2012

Då Asle vart fødd 1964.

I Måløy var fødestove i Gamleheimen, og jordmor som kunne tilkallast ved trong. Vågsøya + deler av Selje og Davik hadde 2 legar, og eg var ein av dei som turnuskandidat. Skulle førstegongsfødande kome til sjukehuset på Nordfjordeid, trongst ferje, og ho var vanskeleg å få tak i om natta.  Men slik var det for snart 50 år sidan, og heldigvis kom både mor, barn og far frå hendinga med liv og ære i behald.

torsdag 31. mars 2011

Bilde-video om tida på Firda Gymnas


Ca. 70 fotografi frå Firda-tida lagt inn på DVD-plate med kommentar og musikk. Eige avsnitt om russeturen til Hamburg og København. Fotografia er amatør-opptak med kassa-apparat, men oppskanna og forbetra finn ein alle elevane frå russekullet 1956 på Firda.

tirsdag 29. mars 2011

70-årsfesten for Bjørg Kragset i Kjeldsund 2010.

Ca. 55 gjestar feira jubilanten 2 dagar til endes. Fest i Kjeldsund på fredag, og grillfest ved sjøen på hytta på laurdag. Stort sett heile slekta frå begge sider + barn, svigerbarn og 10 barnebarn. Skal ikkje slekta gløyme kvarandre, er slike samankomstar svært viktige. Her er alle både på video og på fotografi.

fredag 25. mars 2011

Bildekavalkade om Hans Kragset til 70-årsdag

Til feiringa av min 70-årsdag 13. juli 2007 laga dotter vår, Elin, ein CD med bilete og musikk som skulle kunne spelast av på ein DVD-spelar. Dette har vore svært vanskeleg, men eg har greidd å kopiere til DVD-plate som kan sjåast på alle DVD-spelarar. Plata er laga av bilete frå eg vart fødd til eg var 70 år. Eit godt døme på korleis slikt kan gjerast i høve åremålsdagar, men nok ikkje eigna på den frie marknaden utanom nær slekt !

torsdag 17. mars 2011

Firdarussen til Hamburg og Kjøpenhamn 1956.


På lastebil-plan til Otta, vidare med tog til Oslo, og derifrå til Hamburg og Kjøpenhamn på russetur med buss. Hotellet låg i Grosse Freiheit, ei sidegate til Reperbahnen. Ei stor oppleving for gutane. Ein russetur utanom det vanlege berre ca. 10 år etter at krigen slutta. Eg hadde primitivt fotoutstyr, bildevideoen er litt kort, men viser at vi greidde å gjennomføre turen utan foreldre- eller lærar-hjelp !

onsdag 9. mars 2011

Kragsetfamilien frå 1961 til 1972

Steinar Vollan i Stryn har digitalisert all smalfilmen eg tok opp frå slutten av 1950-talet til eg kjøpte video-opptakar i 1987. Eg har no lagt inn kommentarer på desse smalfilmane, og delt opp i avsnitt. Dette er rein familie-historie. Filmane frå campingturane ligg for seg sjølv.

mandag 7. mars 2011

Bjørg Steinhovden og Hans Kragset sitt bryllaup 1963.


Vi gifta oss i Florø i 1963 med mange gjestar tilstades. Vielsen var i Florø kyrkje ved bruda sin onkel, Salamon Steinhovden. Bryllaupsfesten var i Høgskuleheimen, og etterpå besøkte dei fleste gjestane Steinhovden. Bryllaupsreisa gjekk til Sverike med dorryen KOS, og tok ein månad. Ikkje mange rak slik langs kysten på langtur den gongen. Vi vart til og med tekne for tater. Heldigvis hadde dei nygifte rikeleg mannskap til dei lange vaktene. Brudgommen sine foreldre, Karen og Annfinn Kragset var med i tillegg til Kirsti, søster til brudgommen. Vi hadde med eit trollegarn + fiskesnøre, og heldt oss for det meste sjølve med mat. Ei verkeleg minnerik bryllaupsreise som knapt nokon har gjort korkje før eller seinare.