I Måløy var fødestove i Gamleheimen, og jordmor som kunne tilkallast ved trong. Vågsøya + deler av Selje og Davik hadde 2 legar, og eg var ein av dei som turnuskandidat. Skulle førstegongsfødande kome til sjukehuset på Nordfjordeid, trongst ferje, og ho var vanskeleg å få tak i om natta. Men slik var det for snart 50 år sidan, og heldigvis kom både mor, barn og far frå hendinga med liv og ære i behald.
Bøker laga av Hans Kragset
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar