Viser innlegg med etiketten DVD. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DVD. Vis alle innlegg

onsdag 28. februar 2018

2018 Vintertur til Gran Canaria

I september 2017 avtalte vi med Ottar og Kirsten Steinhovden å vere saman i hotell Hartaguna i Puerto Rico på Gran Canaria 14 dagar i februar 2018. Vi hadde nok ikkje tenkt på at dette var akkurat under Olympiaden i Sør-Korea. Folk vi møtte sa at det var den kaldaste vinteren på 30 år der på Gran Canaria.  Men i sola var det varmt, vi fekk farge på skinnet, gå mange trapper, treffe kjentfolk og reise på mandelblomstringstur inn på øya. Temperaturen i symjebassenget målte eg til 24 grader, og maten på restaurantane kveldane var variert og god.  Slekt har mykje å snakke om, og slik tur gjer vinteren kortare. Vi har all grunn til å tru at mange norske pensjonistar har same oppfatning !

fredag 19. januar 2018

                Gamle steinkors i Norge

I høve av at presten Evensen her i Østre Halsen i Larvik spurte meg å vise video og snakke om gamle keltiske steinkors på Vestlandet, har eg funne fram videoar, som eg har laga tidlegare, om dette temaet. Dertil har eg laga innlegg om steinkorsen ved Rollag  stavkirke i Numedal og om ein litt atypisk steinkors ved Tjølling kirke. Snorre Sturlason og andre sogeskrivarar var opptekne av kongar og krig. Dei snart 100 steinkorsa fortel ei mindre påakta historie om vanlege menneskje og trafikken over Nordsjøen i Vikingtida og før. Truleg er dette grunnen til skilnadane på vest- og austlendingar ! Vi vart påverka frå vest om havet. Paven i Rom og danskane forma folket aust om fjella.

torsdag 28. september 2017

2017 Tur til Rhodos

No i slutten av september 2017 kjøpte Asle fly tur-retur Gardermoen, 7 dagar hotell med frukost + 1 veke leigebil på Rhodos for seg, Oda, Bjørg og meg til ein rimeleg pris. Vi budde i Faleraki og Rhodos by, køyrde til ulike badestrender på øya, og til og med heile øya rundt ein dag. Temperaturen var opp til 32 grader i skuggen, sjøvatnet var varmt, vi åt ute kvar kveld, og der var masse turistar, bilar og suvenirar. Rhodos er tydelegvis ein møtestad for skandinavar. Turen vart verkeleg minneverdig mykje  takka vere Asle og Oda.

onsdag 22. mars 2017

2017 Gran Canaria

Første 14 dagane av februar 2017 var vi i St. Agustin på Gran Canaria. Janne, dotter til Gunn og Arne Steinhovden, hadde tinga husvære til dei i same hotell og tidsrom som vi. Dertil var Janne, Rune og borna i Puerto Mogan samstundes. Til alt overmål var Kirsten og Ottar i Patalavaca.  Gran Canaria vart altså ein møteplass i Steinhovdenslekta! Vi var dagstur til Las Palmas, busstur til grotter oppe i fjella og til 70-årsfeiring for Kirsten i Patalavaca. Vi gjekk turar på strandpromenaden, sola oss ved badebassenget, var i Sjømannskirka i Arginigin og gjekk mykje i butikkar og restaurantar.  Dette vart ein vinterferie i sola med alle dei ingrediensar som gjer slikt vellukka !

torsdag 3. november 2016

Tur til El Campello i Spania 2016

No siste veka i oktober 2016 har Bjørg og eg vore i El Campello på den Spanske solkysten. Tur - retur Torp - Alicante med fly + 1 veke hotell med frukost, kosta 5581 kr for begge tilsaman. Tida gjekk med til å sole seg på stranda, gå turar, handle suvenirar og julegåver, og ete 1 til 2 gonger dagleg i små restaurantar.  Maten og sola tålte vi godt, og mi gangsperre gav seg etter kvart. Dette var godt utanfor høgsesongen, men temperaturen i lufta held seg på ca. 25 grader. Storparten av turistane var på vår alder. Dette var definitivt ikkje av våre mest opplevingsrike reiser, men som pensjonert nordmann, er det interesseant å kunne noko om denne type turisme også.

torsdag 7. juli 2016

Finnmarkturen i juni 2016

På grunn av krig og uro reiser svært få turistar til Egypt, Tunis og Tyrkia. På Malorca demonstrer dei mot for mange. Vi har funne eit alternativ! I Finnmark er utruleg god plass, sola skin døgnet rundt utan at nokon vert solbrent, reinen beiter mellom husa, og slektningane våre der gav uttrykk for at gjestar var kjekt. Turen opp frå Gardermoen tok 2 timar, kosta ca. kr. 750 pr. person kvar veg,  og der var få trafikantar på vegane. Folk vi møtte, var der for å fotografere fuglar. Verkeleg ein annarleis ferie, og så fekk eg besøkt Vardø og Vadsø der eg ikkje har vore før.

onsdag 18. november 2015

Video-opptak av Vedeld-slekt 1962 - 1992.

Vi gled oss til besøk av slektningar frå Sunnmøre, og i det høve har eg samla smalfilm- og video-opptak med lyd frå 1962 til 1992. Så her får ein både sjå og høyre henfarne slekter.  I Vedeld-slekta var godt samhald, og dei var flinke å besøke kvarandre både i glede og sorg.  Mest tok eg nok fotografi, men heldigvis brukte eg også film- og video-kamera somme tider. For etter-slektene må ein slik video vere eit sjeldan klenodium !

søndag 18. oktober 2015

Overnattingstur til Langedrag 2015

No i skulen sin haustferie køyrde heile storfamilien her i Larvik til fjellgarden Langedrag opp Numedalen nesten til Nesbyen i Hallingdal for på sjå ulv, gaupe, reinsdyr og mange andre dyr frå norsk fauna. Overnatting i dobbeltrom + inngangspengar + middag + frukost med matpakke + underhaldning om kvelden kosta kr. 850 pr. person. Vi fekk sjå mating, riding og kjeling for alle med dyra. Dette er tillnærma ein zologisk hage der det kan sjå ut som dei fleste dyra trur at dei er menneskje. Svært kjekt utfluktsmål for barn. Liknar på Hakallegarden på Hakallestranda ! På heimturen besøkte vi stavkyrkjene i Nore og Rollag + Kongsberg by.


Kemer i Tyrkia 2015

For første gong har vi vore på "all inclusiv"-tur. Mat, drikke, solsenger, transport til badestrand og underhaldning var gratis den veka vi budde der. Men på ein måte var det som å vere i fengsel: Ein går ikkje ut og kjøper middag når han er betalt på førehand.  Asle kjøpte turen over Landvetter i Gøteborg mindre enn  24 timar før avreise. Pris inkludert fly og all transport tur-retur Gøteborg var kr. 3300 pr. person. Verkeleg bra ! Kemer var ein rein og ordntleg by utan tiggarar eller flyktningar. Mesteparten av turistane var russarar, og dei verka svært siviliserte. Vi køyrde lokal buss til ruinbyen Phaselis ca. 4 mil lenger sør. Pris ein veg pr. person 4 lire  ! (12 n.kr.)

fredag 18. september 2015

Karmøy-jentene som dreiv frå Shetland i 1745.

For nokre år sidan fann eg eit hefte i Åsentunet i Ørsta om desse jentene som i 1745 dreiv av frå ei øy nord på Shetland, og som 8 dagar seinare rak i land på Karmøya. Dei hadde mjølka kyr på ei anna lita øy, og overlevde overfarta over Nordsjøen på mjølk. Folk på Karmøy trudde at jentene var underjordiske, men då ei av dei gjorde korsets teikn, forstod dei at dei var menneskje. Den eine av jentene fekk ei stor slekt etter seg på Karmøy. For folk der må difor denne DVD-plata vere av interesse. Med gen-testing og DNA-analyser har skektsforskning fått nye dimensjonar.

tirsdag 8. september 2015

Frå Doggerland til Ausevik i steinalderen.

I Ausevik helleristningsfelt i Høydalsfjorden i Sunnfjord fins skålgroper og labyrint-mønster som er eineståande i Norge. Dei finn  sin like berre vest om Nordsjøen. No har eg funne ny dokumentasjon om landområdet i Nordsjøen kalla Doggerland. Dette var turt land i eldre steinalder, og dei trong berre krysse Norskerenna for å finne nytt land. Gjennom tusener av år har havet steget og sunket, og tvunget menneskja til å flytte for å overleve. Masse geologiske undersøkjingar i Nordsjøen for å finne olje, har gjeve oss mykje ny kunnskap om fortida. Dette er DVD-en om samanhengen mellom Doggerland og helleristningane i Sunnfjord.

torsdag 25. juni 2015

2014 Vintertur til Gran Canaria

No har det vorte so mange Kanarieøy-turar at eg har gløymt å legge ut på heimesida mi denne frå februar 2014. Som vanleg gjekk vi turar, bada og sola oss, og åt middag kveldane saman med slekt og vener. Ein dag fekk vi vere med bror Pål og kona Wenche på biltur rundt på øya. Svært mange vestlendingar gjer som vi.  Der teffer vi ørstingar, slektningar og andre sunnmøringar. På Gran Canaria er varmt, trygt og stabilt. Ein veit kva ein får i høve kva ein betalar. Men eg plagast med tankar om at det er alderen som sig på.

onsdag 10. juni 2015

Amerikaturen 2015


No siste veka av mai 2015 var Asle, Bjørg, Arne,(bror til Bjørg) og eg på  rundtur til slekt i Wisconsin og Minnesota i USA. Asle leigde bil, køyrde og tinga hotell når det trengdes.  Turen gjekk utan problem bortsett frå noko regnver. Men folket der borte hadde hatt tørke ei tid, og var faktisk glade for regnet.  Vi vart overalt godt mottekne. Dette var 8. gongen vi slik reiste rundt der i Midt-Vesten. Det kan verke nesten som vi kjenner slekta der betre enn i Norge. Verda har verkeleg krympa !

mandag 8. juni 2015

Amerikaturen 1998

I haustferien i oktober 1998 var Bjørg og eg på ei vekes tur i Minnesota og Wisconsin. Vi besøkte slekt i Menomonie, Portage, Wassau og St. Pauls. Overalt vart vi godt mottekne og fekk både mat og seng.  Å vere av norsk ætt i Midt-Vesten, ser ut til å vere storarta. Dei samla slekt og vener for å møte oss, og dei gav tydeleg uttrykk for glede for at vi kom. Det litt spesielle med denne DVD-en er at han inneheld ein video-film på 40 min. Då ser ein folket levande, og høyrer dei snakke. I tillegg er der ein bildevideo på 12 min. som eg kommenterar.

onsdag 3. juni 2015

Klovningen

Å sprenge stein og lage landet flatt, har alltid vore sett på som rett i fjellandet Norge. Steinen Klovningen, ca. 8 meter høg og kløyvd i fleire steinblokker der på Hakallestranda på Sunnmøre, vart fjerna og omgjort til kai og tomt for fiskemottak i ca. 1950.  Eg hugsar han frå min barndom på Kragset, og i 50 år har eg leita etter eit fotografi av steinen. Og under over alle under, no i mai 2015 viste det seg at John Klovning i Menomonie i Wisconsin, USA, hadde eit knøttlite svart-kvit-bilete av steinen.  Då endelig kunne Klovningen gjenoppstå.  Denne videoen viser steinen og Klovning-gardane med mine kommentarer. Dessverre var ikkje turisme og bevaring av natur sett på som viktig i 1950. Fiske og næringsliv hadde høgare prioritet.

mandag 30. mars 2015

Den heilage gral i Dollsteinhola


I Dollsteinhola på Sandsøya på Søre Sunnmøre gøymde kong Arthur, leiaren for riddarane av Det Runde Bord,  Ringskatten med Den heilage gral ca. år 550 e. Kr.  Ingen har funne han hittil, men med metalldetektor opnar det seg nye mogelegheiter.  Den som finn denne skatten, vert verdensberømt og rik. Men då må ho eller han våge seg inn i fjellet der det er mørkt og kaldt.  Denne DVD-en ein god leidetråd frå ein som nære på har vorte bergteken der i den 200 meter djupe grotta.. Stort betre ide til ein TV-dokumentar trur eg ikkje finst !


mandag 2. mars 2015

Gran Canaria 2015

Som mange andre vestlendingar var Bjørg og eg 14 dager i Puerto Rico på Gran Canaria i februar. Sol, varme og mosjon i tilrettelagde omgjevnader passer svært godt for pensjonistar.  Trass i all skrivinga om global oppvarming, hadde vi i år det kaldaste og mest overskya opphaldet der på 6 gonger. Det vart difor meir gåing enn soling og bading. Vi budde på solsida, men trappetrinna var mange, og gangsperra sat i dagevis. Men vi åt mange hyggjelege middager, og trefte mykje kjentfolk. Når eg lagar 6. videoen frå same staden, vert det litt vanskeleg å finne nye motiv. På hi sida viser videoen korleis eit ektepar på over 70 år finn seg tilrette i ei turistmaskin i 2015.

lørdag 13. desember 2014

Bjørg sine forfedre i Sunnfjord.

Sjølvlaga julegåver til barnebarn er fornemt. Bjørg syr og strikkar. Tidlegare har eg høvla og smidd. No er handverket mitt å lage DVD-plater. Altså må eg finne tema for heimelaga og handlaga plater.  Omtale og fotografi av farne generasjonar passar då godt. Eg har fotografi tilbake til starten på denne kunstforma på Vestlandet, og vi både kjende og snakka med personane frå denne tidsperioden. Altså er denne DVD-plata unik, og kan ikkje meir gjenskapast.  Dette bør fleire i slekta merke seg !

tirsdag 30. september 2014

Tur til Istanbul, Hellas, Makedonia og Albania 2014.

Aleksander den store har vore eit ideal på Balkan siste 2000 åra, og det viser historia til desse landa tydeleg. Kamp og krig har dei drive uavlateleg så lenge nokon kan hugse. Vi køyrde rundt i dette Europas urolege hjørne i 11 dagar, fotograferte masse, men har litt vanskar med å hugse alle mosker, kyrkjer, borger, utgravingar osb. Trass i at eg enda opp som statslaus etter at passet mitt vart stole, kom vi velberga heim.  Vi kom svært nær Paven, og vi fekk 5 rettars middag dagleg. Dette var ein tur utanom det vanlege, og det var nok grunnen til samansetjinga av reisegruppa.  94 minuttars folklorevideo. Særleg likte eg Makedonia !

mandag 4. august 2014

Kjempepadda i Austefjorden

I Lisjevatnet i Austefjorden i Volda er ein bestand på opp mot 20 000 padder. Då Kvivsvegen vart bygd, vart store resursar brukt for å hindre at paddene misste heimstaden sin. For å heidre desse små dyra er der no på ein rasteplass reist ein skulptur av ei kjempepadde med høgd 2.5 meter og vekt 3.5 tonn laga av  kunstmålaren og billedhoggaren Robert Steinnes frå Ørsta.  Dette er kanskje største padda i verda, men ein treng denne bildevideoen for å finne henne. Snakk om løynd verdsatraksjon !