No siste veka i oktober 2016 har Bjørg og eg vore i El Campello på den Spanske solkysten. Tur - retur Torp - Alicante med fly + 1 veke hotell med frukost, kosta 5581 kr for begge tilsaman. Tida gjekk med til å sole seg på stranda, gå turar, handle suvenirar og julegåver, og ete 1 til 2 gonger dagleg i små restaurantar. Maten og sola tålte vi godt, og mi gangsperre gav seg etter kvart. Dette var godt utanfor høgsesongen, men temperaturen i lufta held seg på ca. 25 grader. Storparten av turistane var på vår alder. Dette var definitivt ikkje av våre mest opplevingsrike reiser, men som pensjonert nordmann, er det interesseant å kunne noko om denne type turisme også.
Bøker laga av Hans Kragset
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar