Viser innlegg med etiketten Kragset. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kragset. Vis alle innlegg

fredag 25. januar 2019

Bok om Kragset-slekta frå Sunnmøre

Grundig gjennomgang av Kragset-slekta og deira levnad dei siste 200 åra. Dokumentasjon av kor gagnleg det er å blande blått kongeblod, svart taterblod og sunnmørsblod.  Omtale av alle i slekta som har fått kongens fortenestemedalje for sin  innsats både i krig og fred. Fotografi i både svart-kvit og fargar samt omtale av generasjonane heilt fram til sist fødde 28.12.2018. Oppslagsbok med persondata til dagleg bruk. Fotografi av alle relevante gravsteinar. Boka er trykt i eit opplag på 30, men kan lett fleirdoblast. Pris pr. bok kr. 150. Billigast er det å hente den her i Larvik.

tirsdag 4. september 2018

Om ting og hendingar på Hakallestranda på 1900-talet.

Innhaldet på denne CD-plata har vorte ei bok på 150 sider om livet på Hakallestranda Eg fekk trykt 50 eksemplar, og det kosta nesten kr 7000 Eg har selt boka for kr 150, men no har eg berre att 10 stk. Litt uventa har det vist seg at eldre folk over heile Norge, har vist interesse for boka. Dei fortel at boka gjev mykje å snakke om. Både bileta og bokstavane er store, og tekstene er ikkje for lange ! Om nokon finn at ei slik bok er av interesse til seg sjølve eller som gåve til andre, kan de sende meg ein mail. Får eg mange nok tingingar, kan eg kjøpe eit nytt opplag på 50 bøker.  Det ser for meg ut som om tida for Cd-plater i rom-stasjonar er forbi, Cirkelen er slutta, og vi er komne tilbake til boka !

onsdag 31. januar 2018

Kragset-slekta

Dette er ei temmeleg komplett oversikt med foto og dokumentasjon om mine oldeforeldre, besteforeldre, foreldre, onkler, tanter og etterkomarar på Kragsetsida. Ein finn også mange historier om ting og hendingar + talrike fotografi frå dei siste 100 åra på Hakallestranda. Der er også omtale av eldre slektsledd, og foto av gravsteinar ved  både Åram og Sande kyrkje. For dei som er interesserte i røtene sine, finn ein her det meste om denne slekta på Søre-Sunnmøre. Ettersom dette er vei CD-plate, kan alt skrivast ut på papir.

lørdag 24. oktober 2015

Vedeld- og Kragset-slekta bakover.

Eg har laga word-dokument om mine foreldre, besteforeldre og oldeforeldre etter å ha  samla ting foreldra mine og eg sjølv har skrive siste 50 åra + utval av bilete og fotografi om slekta på Rovdestranda og Hakallestranda. Litt har eg også funne frå andre kjelder.   For alle etterkomarar etter Karen og Annfinn Kragset i Måløy som interesserar seg for røtene sine, kan ein her finne stoff til bruk i slektsforskning. Eg vil likevel ta høgd for at mange av desse opplysningane er gjenfortalt i generasjonar, og det fører lett til farging.   Alt kan lesast på PC , og skrivast ut på papir. Slik kan ein plukke ut det som ein har lyst til.

onsdag 3. juni 2015

Klovningen

Å sprenge stein og lage landet flatt, har alltid vore sett på som rett i fjellandet Norge. Steinen Klovningen, ca. 8 meter høg og kløyvd i fleire steinblokker der på Hakallestranda på Sunnmøre, vart fjerna og omgjort til kai og tomt for fiskemottak i ca. 1950.  Eg hugsar han frå min barndom på Kragset, og i 50 år har eg leita etter eit fotografi av steinen. Og under over alle under, no i mai 2015 viste det seg at John Klovning i Menomonie i Wisconsin, USA, hadde eit knøttlite svart-kvit-bilete av steinen.  Då endelig kunne Klovningen gjenoppstå.  Denne videoen viser steinen og Klovning-gardane med mine kommentarer. Dessverre var ikkje turisme og bevaring av natur sett på som viktig i 1950. Fiske og næringsliv hadde høgare prioritet.

onsdag 20. august 2014

CD-plate om Kragset-slekta

Etter foreldra mine arva eg fotografi av alle besteforeldra og oldeforeldra mine. For ca. 25 år sidan fekk eg  eit trykkeri til å lage 100 bilete av kvar av dei. I ein perm skreiv så mest mor, og delvis eg, om kvar si livshistorie.  Desse dokumenta + mange skriv om ting + alle fotografia som eg har, er så samla på denne plata.  Ho inneheld altså alt eg har om liv og lagnad på Kragset, og er saman med ane-fotografia tenkt som gåve til etterkomarane våre, og alle andre i slekta som kan ha interesse av henfarne tider på Sunnmøre. Alt kan lesast og skrivast ut frå CD-plata.

onsdag 19. desember 2012

Sande kyrkje på Sandsøya

Annfinn Kragset taler slik øvrigheita gjorde i gamle dagar frå Mannauken like utanfor muren rundt Sande kyrkje. Slike utropstader var der ved alle kyrkjer,  men denne er den siste eg trur eksisterar. På plata er også ei oversikt over soknet, + prologen til 50-årsjubileet i 1930 skrive av mi bestemor, Anna Kragset, frå Hakallestranda. Video frå eit besøk på Sandsøya og kyrkja i 1989, og dertil fortel Gerhard Bringsvor  korleis kyrkja vart bygd, og segner omkring henne dei siste 100 åra. Eg har dessverre ikkje vore inne i kyrkja sidan krigens dagar, så inventaret har eg ikkje kunnskap eller bilete til å omtale.

tirsdag 4. september 2012

Kragset-garden. Hakallegarden 2012.


No i august 2012 besøkte Bjørg og eg  Kragset-garden og Hakallegarden på Hakallestrande på Søre Sunnmøre. Eg har mange gamle video-klipp om hus, ting og levnad på Kragset. På denne DVD-en er det mest om husa, men eg har 2 andre om bruksgjenstandane. Det meste av desse opplysningane er skrive av far min, Annfinn Kragset.  Hakallegarden er ei vegkro med mange dyr og ting å kjøpe. Eit godt døme på korleis ein kan skape liv i Utkant-Norge.

onsdag 21. desember 2011

Siri Bjørlykke - omstreifarjenta som vart ei av stam-mødrene i Kragsetslekta.



Dei fann spedbarnet Siri ein vintermorgon i naustet, fostra henne opp der på Koparneset, og ho arva garden etter dei. Men ho var svarthåra og brunøygd, flink å brodere, musikalsk og kunstnerisk. Mykje tydde på at ho var av omstreifarætt ettersom eit splintefylgje hadde overnatta der i naustet. Litt urovekkjande med slikt framand blod i eit lukka miljø på Søre Sunnmøre for over 200 år sidan. Men i ettertid var truleg innblanding av nye gener gunstig for slekta. Eg kan altså dokumentere at vi har både blått kongeblod og svart taterblod i årane. I denne DVD-en får de alt eg veit om denne soga om Siri.

tirsdag 8. november 2011

Jonas Kragset og Marie Sætrevik fortel om slekt og hendingar.


I 1988 hadde eg fått meg video-opptakar, og gjorde eit ca. 2 timars opptak med onkel Jonas i Ålesund. Han fortalde om slekt, gardsbruk, fiske og kultur på Søre Sunnmøre i gamle dagar, og sjølvsagt om opplevingar under flukta til Færøyane i 1940. I ca. 1975 gjorde eg eit vel 30 min. lydbandopptak med Marie Kragset Sætrevik der ho også fortel om slekta på Hakallestranda. Dette er eit digitalt historisk dokument fortalt med eigne ord og eiga stemme av no avdøde personar som var mykje meir slektsopptekne enn vi er no..

Marie Sætrevik. Lydbandsamtale om slekt 1978.

Min far, Annfinn Kragset, si tante Marie Kragset Sætrevik, budde i kårhuset som ho fekk burett i etter foreldra på Kragset på Hakallestranda. Ho stelte dei til dei døde, og seinare gifte ho seg med Sivert Sætrevik. Marie var sterkt slektsinteressert, og utruleg nok har eg ein halvtimes samtale med henne på lydband. Underleg å høyre hennes litt kvasse stemme i høgt tonefall fortelje om folk, hendingar og ting frå 100-år tilbake i tida.

onsdag 9. mars 2011


DVD med bilete og omtale av far min, Annfinn Kragset, + hans foreldre og besteforeldre. Både mor, Karen Vedeld Kragset, og eg sjølv har skrive om desse personane og deira lagnad. Dette er ein bildevideo med meg som opplesar og kommentator. I samband med omtalane vert det også fortalt litt bygdehistorie. Dertil ein video frå far sin siste tur til Kragset i 1988.

tirsdag 8. mars 2011

Kragset på Hakallestranda. CD-plate med tekst og bilete.

CD-plate for PC. Dette er så å seie ei bok på plate. Storparten av det eg fortel om gamle ting og hendingar på DVD-platene mine, har eg på førehand skrive ned. På denne plata finn ein som Word-dokument artiklane mine om Kragset og Hakallestranda.

Marie Kragset Sætrevik. Klara Kragset.


Marie var far si tante, og Klara var mi. Begge vaks opp på Hakallestranda, og begge var særmerkte kvinner for si tid. Denne DVD-en er for å heidre deira minne, og for at dei ikkje skal verte gløymde. I vår rastlause tid har vi noko å lære av dei.

CD-plate. Slektsrekning tilbake til Harald Hårfagre.



Dette er ei CD-plate utan lyd. Eg har sett opp liste med namn og bustad for forfedrane mine som viser at eg stammer frå Harald Hårfagre i rett nedstigande line. Dette er mogeleg fordi slektstreet var innom tyske adelsslekter med dokumentert nedstamming før dansk adel førte treet tilbake til Norge for 300 år sidan. Alle søskena og etterkomarane mine har altså blått blod i årane. Blodoverføraren var oldefar Anders Holen så der er mykje slikt blod på Hakallestranda. Dette er slektsgransking på kongeleg plan. Seinare vart det iblanda svart taterblod også. Dette er det motsette av innavl.

mandag 7. mars 2011

Lærar Klara Kragset


Mi tante Klara, søster til far, var ei noko original lærarinne som arbeidde i små skular rundt kysten i Nordland og Vestlandet. Ho skreiv mykje i avisene, og ho skreiv dikt. Kampen mot alkoholen var svært viktig for henne. Ho sa at ho var lei seg fordi ho var første trippel-dusten i Dagbladet frå Sunnmøre, men litt stolt var ho også. Ei noko sta og eigenarta kvinne med sine meiningars mot. Ho tok ein svært god lærarskule-eksamen tidlig på 1920-talet, og ho var ikkje alltid einig i den geistlege tolkinga av skrifta.

søndag 6. mars 2011

Gamle ting frå Kragset 2


Ei DVD-plate med fotografi og forteljingar om gamle ting frå Kragset . Annfinn Kragset har skrive det meste. Hans les opp. Plass til ca. 2 timar video på kvar plate. Opplesing av dei gamle orda på skikkeleg gamal dialekt frå Søre Sunnmøre, trur eg med tida vil få språkhistorisk verde .

Gamle ting frå Kragset 1


Til fotografi av ting les Hans opp både eigne notat og foreldra sine skriv om desse gamle tinga. Dette er ein kultur som nærast er forsvunnen. Brukstinga, og særleg orda knytt til den gamle levemåten, er interessante. Foreldra mine kunne dette talemålet som no er like historisk som tinga. Her høyrer ein orda og talemåtane frå sjølvbergingkulturen si tid uttalt på korrekt dialekt frå Søre Sunnmøre.