tirsdag 6. mars 2012

Med fregatten KNM "Haakon 7" til Afrika 1959.


Kanskje var eg ein av dei første som fekk reise med eit norsk marinefartøy til Afrika etter krigen. Statsministrane i Norge og Sverige, Einar Gerhardsen og Tage Erlander, besøkte skipet før avreisa frå Horten, vi vart mottekne som standspersoner av offentlege myndigheiter i Casablanca i Marokko, og vi opplevde andre kulturar før charterflya si tid. Vi var 270 mann ombord, og eg vart ikkje trekt ut til sight-seeing-turar korkje i Casablanca, Tanger, Arcachon  eller Pourtsmouth. Offiserane inspiserte  alle som skulle på turar, men heldigvis kontrollerte dei aldri kven som gjekk på bussane! Difor denne DVD-reportasje frå starten på dias-fargefotograferinga !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar