Første 14 dagane av februar 2017 var vi i St. Agustin på Gran Canaria. Janne, dotter til Gunn og Arne Steinhovden, hadde tinga husvære til dei i same hotell og tidsrom som vi. Dertil var Janne, Rune og borna i Puerto Mogan samstundes. Til alt overmål var Kirsten og Ottar i Patalavaca. Gran Canaria vart altså ein møteplass i Steinhovdenslekta! Vi var dagstur til Las Palmas, busstur til grotter oppe i fjella og til 70-årsfeiring for Kirsten i Patalavaca. Vi gjekk turar på strandpromenaden, sola oss ved badebassenget, var i Sjømannskirka i Arginigin og gjekk mykje i butikkar og restaurantar. Dette vart ein vinterferie i sola med alle dei ingrediensar som gjer slikt vellukka !
Bøker laga av Hans Kragset
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar