Vi har feira gullbryllaup saman med etterkomarane våre i Italia og Frankrike. Alle unnateke meg og Bjørg flaug og brukte leigebil. For meg meiner eg det var 30. gongen tur-retur over Alpane. Underleg å tenke på at i 1967 rulla ein svenske ned bilvindaugo i Ramatuelle, og sa at vi var første norske bil han såg der. I år såg eg ingen norskregistrert bil i Frankrike. Ringen er slutta ! Vegane er overfulle av bilar, lastebilane er i fleirtal, alle køyrer fort, og køane er lange. Dertil er der høge avgifter på motorvegane. Forståeleg at yngre folk ikkje gjev seg ut på slikt ! Men når ein greier det utan uhell, gjev det ein slags god meistringsføling.
Bøker laga av Hans Kragset
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar