torsdag 6. juni 2013

Kunstmålaren Peter Myrvoll frå Kvamsøya

Vi har det måleriet som de ser her frå Peter Myrvoll si hand. Han var ein produktiv kunstmålar så det finst mange av måleria hans på Søre Sunnmøre. Dersom nokon ser dette, og har bilete som han har måla, tek eg gjerne i mot fotografi av slike bilete på mail. Foreldra mine kjende han, og dei har kjøpt dette bilete måla på ei skive av bjørk. Eg har funne omtale av han i bygdeboka, og dertil minneord om han i ei lokal avis. Denne korte DVD-en er for at slike lokale kunstnarar ikkje skal verte gløymde. Eigentleg hadde han fortent eit eige museeum i Fosnavågen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar