tirsdag 20. august 2013

Gatehjørnet, Volda 1989

Då eg no i juli 2013 trefte kultursjef Jostein Mo på Amfi i Ørsta, etterlyste han filmen Gatehjørnet som vart laga av nokre mediestudentar i Volda i 1988. Mellom anna Nils Johnsen og Einar Nybø frå Ørsta spelte roller. Og underleg nok fann eg filmen på ein av harddiskane mine her i Larvik. Dette er verkeleg original 25 år gamal Volda - Ørsta - historie der dei verkelege personane er seg sjølve både i mål og fakter. Som de forstår, er dette ikkje mitt åndsverk. Men Jostein sa at bygdeverdien er så stor at han ville forsvare meg om eg kom for retten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar