tirsdag 20. august 2013

Nils Johnsen sin krigsinnsats.

Mangeårig kyrketenar i Ørsta, Nils Johnsen, tok del i krigen i Norge 1940 - 1945 på ulik vis. Eg besøkte han mange gonger i trygdebustaden ved Sjukeheimen i Ørsta. 90 år gamal kjøpte han seg PC og DVD-spelar, og han var nok den som kjøpte flest DVD-plater av meg i Ørsta. Sjølvsagt fekk eg høyre om krigsinnsatsen hans, og eg fekk også digitalise denne plata der han og Lina fortel til ein journalist. Han sa aldri at noko av dette var hemmeleg, så eg tek sjansen på å fortelje at eg har plata. Dertil meiner eg at dei som forsvarte Norge med livet som innsats, fortener ikkje å verte gløymde. Det var nemleg ikkje noko dei skrytte av til dagleg !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar