onsdag 21. mai 2014

Jonas Kragset og Jakob Kragset sin konfirmasjon 4. mai 2014

Dette er første gong at eg har vore i dobbel-konfirmasjon. Verkeleg stilige endå ikkje 15 år gamle karar på over 1,80. Selskap både før og etter sermonien i kyrkja med songar og taler om kor kjekke og flinke konfirmantane var. Der var gjestar frå begge foreldre-slektene, og rikeleg med god mat.  At slektene slik kjem saman, var viktige den tida då slektsband var sosialt naudsynt. Takka vere velferds-staten, greier vi oss i dag betre åleine, men vi må ikkje gløyme at blod er tjukkare enn vatn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar