mandag 3. desember 2018

Matbok

Nokre  lagar mat, men alle et. Eg har sett meg lei av at fleirtalet ikkje kjem til ordet. Matoppskrifter finn ein på nettet. Smaken og utsjånaden av maten er det viktigaste for den som et, og difor meiner eg at denne boka er nybrotsarbeid. Bjørg spør meg iblant kva eg ynskjer til middag. Med ei slik bok slepp eg å leite rundt i tankane. Eg kan berre slå opp på ei side og peike!  Eit gamalt ordtak seier at vegen til mannen sitt hjarte går gjennom magen. Denne boka er for å hindre at dette vert gløymt. Alle som likar mat, finn mykje å snakke med kvarandre om her. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar