fredag 7. desember 2018

Bok om Steinhovden-slekta

Kona mi, Bjørg, heitte Steinhovden som barn. Hennes slekt kom opprinneleg frå Hyen i Nordfjord, men har budd lenge i Steinhovden i Høydalsfjorden i Sunnfjord.  Der har dei livnært seg av jordbruk og bygging av mindre trebåtar. Garden var i starten relativt stor, men dei var mange brør, og på 1930-talet vart det naudsynt å dele opp for å skaffe leveveg for flest mogeleg. Fleire var ei periode i Amerika, og 3 fekk høgare utdanning.  Ein bror drukna ung, og ein fall i første verdenskrig som amerikansk soldat. Dette er ei slektsbok med omtale og data om dei fleste i slekta i minst 6 generasjonar. Dertil finn ein omtale av ting og hendingar i heimen og bygda.  Ei svært interesseant oppslagsbok for heile den store Steinhovdenslekta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar