tirsdag 2. oktober 2018

Bok om ting og hendingar på Kragset før i tida


Digitalt innhald på DVD- og CD-plater har avgrensa levetid, og interessa for mine plater har minka mykje. Dersom ikkje alle opplysningane mine skal gå tapt, må eg tlbake til boka. I mi levetid sidan før siste verdenskrig har levemåten vår endra seg meir enn dei siste 1000 åra før. Denne boka på 150 sider er skrive av foreldra mine og meg, og gjev ei autentisk oppleving av levemåten på Søre Sunnmøre på første halvpart av 1900-talet. Boka er moderne med mange fotografi og godt leseleg tekst. Eg fekk henne trykt i 50 eksemplar, så no minkar det. Men sjølvsagt er det mogeleg å trykke opp fleire. Eg har teke kr. 150 for boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar