Brandal er Ishavsbygda framfor nokon på Sunnmøre, og difor er Ishavsmuseet reist der. Norges eldste gjenverande ishavsskute, Aarvak, har fått plass i eige bygg. Dertil fins museum i ei gamal sjøbud der ein får sjå mange polare dyr, fangstmetodar og korleis sunnmøringane overvintra på Grønland i begynnelsen av 1900-talet. Dei til og med anekterte Grønland, og kalla det Eirik Raudes Land. Men dei tapte for domstolen i Haag, så landet er framleis dansk. Eg brukar museet si eiga brosjyre som grunnlag for DVD-en i tillegg til fleire eigne besøk der. Litt smigra er eg avdi museet har kjøpt 6 kopiar av mine opplevingar som ekspedisjonslege for selfangstflåten 2 sesongar på 1970-talet.
Bøker laga av Hans Kragset
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar