søndag 17. februar 2013

Biskop Bernt Støylen frå Kvamsøya.

Bernt Støylen vaks opp på Kvamsøya 79 år før meg, men framleis i min barndom mangla vi elektristet, kol, olje og ved.  Vi rodde og fyrte med lyng og torv, og levde av det naturen gav.  Fiskebåtane var rett nok større, og forlisa var sjeldnare. Men folk hugsa godt gamletida, og snakka mykje om det.  På denne DVD-en har eg samla historier og kunnskap som la grunnlaget for deler av salmediktinga hans. Ein får sjå kvar han budde, og høyre autentiske soger om nestenforlis. Dertil hadde bispen tilknyting til slekta mi både på mor- og farsida, og dette var gjævt på Sunnmøre i foreldra mi si tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar