tirsdag 28. august 2012

Kirsti les og fortel om gamle dagar i Vedelda.


Kirsti på Lepsøya har fått ein ny hobby. Ho les slektsbok, og då særleg om Vedelda der ho var mykje som barn.  Ole Vedeld, bror til vår bestefar i Vedelda og fødd i 1882, skreiv mykje om gamletida, og han er nok hennes beste kjelde. Fantastisk å høyre soger om ulv og bjørn i nærmiljøet vårt, og om livet før olje og straum gav lys og varme. Ho er også inne på korleis dei fann ektefelle, korleis dei greidde seg på havet, og livet i garden før utskiftinga. Å sette på ei slik DVD-plate er eit godt alternativ til TV.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar