tirsdag 28. august 2012

Arne Steinhovden sitt 70-års-selskap august 2012.


4. august 2012 møttest 70 gjester til stor åremålsfeiring i skulehuset i Steinhovden. Alle søskenbarna på Steinhovdensida + nokre på Nordviksida møtte opp frå heile landet + mange andre slektningar.  Det vart altså eit slekts-stemne av dimensjonar, og min video viser alle.  Betre slekts-dokumentasjon kan knapt lagast, og etter kvart som tida går og avstandane vert større, vert dette eit verdfullt dokument for granskarar. Vi fekk mykje mat, taler og song, men også omvisning og til og med vere med på avduking av ei 4 meter høg kvinnestatue skapt av jubilanten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar