tirsdag 28. august 2012

Selfangst og sildefiske i 1912 fortalt av Johannes Festøy.


Då eg besøkte Ishavsmuseet på Brandal på Sunnmøre no i august 2012, fortalte eg at eg hadde ein video-samtale med Johannes Festøy frå 1989, då han var 94 år, om opplevingane hans i Ishavet i 1912 og 1913. Dei brukte mykje segl til framdrift, og var vekke heimanfrå i 6 månader. Radiosamband var ikkje oppfunne så kontakt heim i denne tida hadde dei ikkje.  Butilhøva var dårlege, og luseplaga var forferdeleg.  Men han tente pengar, og eventyrtrongen vart stetta. Dette er eit heilt unikt video-dokument om ei tid som heldigvis tok slutt. Men for soge-interesserte og samlarar av sjøfarts-historie er dette ein lekkerbisken  no 100 år seinare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar