onsdag 4. januar 2012

Den norske kvalfangsten på Sør-Georgia, og fangstbåten Karrakatta som står der og ruster.

I 1992 besøkte Bjørg og eg ein tidlegare norsk kvalfangststasjon i Albany sør i Australia. Då eg fann historia om fangstbåten Karrakatta frå Larvik som står på land på Sør-Georgia, og dertil har ein gamal video om denne øya og livet der i kvalfangsten si glansperiode, sette eg alt dette saman til ein video. Eg har og funne ein 22 min. lang video frå fangsten i Sørishavet + gjort video-opptak med 92 år gamle Helge Andresen om opplevingane hans der sør. Vestfold var kvalfangst-fylket, og her lrver framleis mange som hugsar tilbake til denne eventyrtida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar