torsdag 29. desember 2011

Annfinn og Karen Kragset sine gravferder i Måløy.


Til ei gravferd vert slekt og vener innbodne kollektivt. Dette vert då ofte større slektstreff enn konfirmasjonar, barnedåpar og bryllaup. Slik var det i foreldra mine sine gravferder, og då vart det og teke mange bilete. Desse har eg sett saman til bildevideoar, og fortalt kven ein ser. Mykje slekt frå Sunnmøre og mange måløyborgarar var tilstades. Begge foreldra mine var opptekne og stolte av slekta si på Sunnmøre, og eg trur at dei ville likt at denne DVD-plata er laga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar