søndag 20. april 2014

Ausevik helleristningsfelt i Sunnfjord

I Høydalsfjorden innanfor Florø ligg eit av dei største og mest særmerkte helleristningsfelta i Norge.  Etter at det for 40 år sidan kom veg gjennom bygda, er tilkomsten lettare. Her finst bergbilete som berre finn sin like vest for Nordsjøen. Kanskje var reisa lettare over eit grunt hav enn over eit isdekt land ? Eg kjenner til at forskarar frå Europa har besøkt Ausevik på grunn av den eineståande bergkunsten. Dette er ein sjølvlaga bildevideo med kommentarer + eit par innslag av meir vitenskapeleg art. Å vere interessert i steinalderen utan å ha besøkt Ausevika eller sett denne DVD-en, er nesten uakseptabelt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar