onsdag 16. april 2014

Kvitveisblomstring på Jomfruland

I begynnelsen av april blomstrar kvitveisen i store mengder på øya Jomfruland utanfor Kragerø. 15. april i år var vi med Elin på dagstur for å sjå dette vidunderet. Sunniva køyrde for å få trening i langkøyring, og Inga var med for å halde oss med selskap. Eg trur vi var mest 200 menneskje på ferja til Jomfruland, sol frå blå himmel, og masse kvitveis.  Vi såg på blomstrane, all seteinen og på fyret. Vi drakk kaffi og kakao, og åt kaker og skiver. Litt dyr ferje ut for dei som ikkje har honør-rabatt, men ein eigenarta natur og passe gåavstandar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar