søndag 20. april 2014

Stakaldneset - steinøksfabrikken i Flora kommune.

Før jarnet var oppfunne, var folk avhengig av  stein til økser og knivar for jakt og krig. I munninga av Eikefjorden i Sunnfjord var kanskje den største steinøks-fabrikken i Norge  i steinalderen. Verksemda var i drift i minst 4000 år. Såret i naturen etter menneskja si framferd ligg der framleis. Men staden er umerka og vanskeleg tilgjengeleg. Der er ei 2 - 3 meter brei og fleire meter djup sprekke i fjellet der steinaldermenneskja tok ut denne heilt spesielle steinsorten diabas som knapt fann sin like i Norge. Dette er ein bildevideo med kommentar av eigne fotografi + ein vitenskapeleg del der geologar og arkeologar fortel om denne godt løynde geologiske attraksjonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar