onsdag 16. januar 2013

Campingturen til Sverige i 1970.

I 1970 var vi på ein verkeleg familie-campingferie til Sør-Sverige saman med mine foreldre frå Måløy og familien til bror Pål i Ålesund. Turid var med eit stykkje, og Kirsti var det vi no kallar singel. Vi og Pål hadde campingvogner, og dei frå Måløy hadde CombiCamp. Dette var den tids ferie, og svært godt for familiesamhaldet. Legg merke til at far har dress, kvit skjorte og slips, og at eg har ordntlig jakke. Pål er ikkje heilt i tidens stil, men han var no bymann frå Ålesund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar