Sommaren 1962 var siste sommarferien medan eg var student og hadde 2 månader fri. Eg hadde bil, og planla forloving med Bjørg. Ho kom frå lærarjobb på Sørøya ved Hamnmerfest, og vi drog på ein 7 vekers rundtur i Europa. Til Paris hadde vi med seinare lektor på Nordfjordeid, Jon Tollås frå Måløy, og kammerat frå Bergen, seinare skuleskjef i Vanylven, Jon Arne Lillebø, som betalande passasjerar. Etter 10 dagar i Paris, køyrde vi gjennom Vest-Frankrike til Andorra og sør om Barcelona. Vi besøkte turiststader, bada og sola oss. Etter nokre dagar i Rhonedeltaet, drog vi til Sveits og Lichtenstein. Det var ei tid med billig bensin og låge levekostnader. Likevel lurer eg i dag på korleis eg finansierte turen i tillegg til forlovelsesringar av gull.
Bøker laga av Hans Kragset
for 4 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar