onsdag 16. januar 2013

Campingturen til Tyskland, Italia og Frankrike 1961

Sommaren 1961 hadde far fått plass på eit kurs for skuleleiarar i Gøttingen i Tyskland. Eg hadde då Skodaen, og var van med køyring både i Oslo og Bergen. Vi bestemte oss difor å køyre til Gøttingen. Turid, mor og eg låg så i telt medan far var på kurs inne i byen.  Men då han var ferdig, fekk mor lyst til Roma for å vitje Paven. Vegen nedover var ikkje så enkel, for der var ikkje samanhengande motorveg. Men vi kom no til både Venezia, San Marino og Roma. Men då fekk dei lyst til Pompei, og så køyrde vi dit. Då vi kom tilbake til Den Franske Riviera, fekk mor lyst til Paris også. Så køyrde vi dit. Eg hugsar vi telta i ein nedlagt tunnel i Frankrike. Etter nokre dagar i Paris, retunerte vi gjennom Holland og Tyskland til Måløy. Dette var i campinglivet sin barndon, og eg hugsar knapt at vi trefte norske bilar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar