lørdag 19. januar 2013

Elin i Marokko 2012

Hausten 2012 drog to pene, unge norske damer på ridetur saman med nokre franskmenn og med diverse berberar eller arabarar frå Sahara-ørkenen som medhjelparar på ridetur i Atlasfjella i det indre av Marokko.  Utruleg nok vart dei ikkje kidnappa, og eg er så heldig at eg har fått tilgong til både video og over 300 dias. Elin har det for travelt til å kommentere, så eg har brukt mest musikk for ikkje å verte skulda for diktverk. Men eg er imponert over at slikt går an. Som far kan eg lite gjere anna enn å glede meg over at dei kom velberga heimatt. Ein video midt i blinken for damer med hest som lidenskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar