mandag 7. mars 2011

Brullaup på Rovdestranda i 1877 og 1905.

Eg var ganske liten då i 1877, så å lage denne videoen var ikkje lett. Men mor mi, Karen, var glad i å fortelje, og har dertil skrive mykje, så eg har gode referat å halde meg til. Vanskar var det med bilete også. Fotografikunsten var knapt komen til bygdene på Sunnmøre. Heldigvis levde oldeforeldra i Vedelda, Karen og Paul, til dei vart ca. 94 år, så eg har nokre fotografi av dei til DVD-en. Besteforeldra mine gifte seg i 1905, så dei reiste heldigvis til fotograf.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar