tirsdag 22. mars 2011

Skuletur frå Lepsøya til Tyskland og Polen i 1992.


Øystein Kjerstad på Lepsøya disponerte ein liten buss som romma alle avgangselevane i skulen der, og eg vart spurd om å køyre dei på ei vekes rundtur i Tyskland då i 1992. Berlin og Polen var ynskte reisemål, og det var lett ettersom Muren var fallen i 1989. Vi budde i hotell som vi fann etter kvart, åt på passande kafear, og tok elles dagane som dei kom. Verkeleg ei spanande avslutning på skuletida! Øystein sa seinare  at det han hugsa best, var då eg skulle lære dei å veksla zolty på gata i Gedansk, og vart grundig lurt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar