onsdag 31. januar 2018

Måløyslekta

Karen og Annfinn Kragset flytta til Måløy i slutten av 1950, og vart buande der resten av si tid. Dottera Turid overtok huset, og seinare gjekk det i arv til hennar dotter Kjelrunn. I Måløy var vi 4 søsken, Kirsti, Turid, Pål og Hans. Det vart med kvart 13 barnebarn og 30 oldebarn.  Eg meiner difor at det er god grunn til å lage ein CD om slekta etter foreldra mine i Måløy. Begge var aktive sosialt, kulturelt og politisk, og begge hadde handverkshobbyar. Dertil inneheld plata mange fotografi og historier.  Etterkomarar etter Karen og Annfinn vil finne mykje dokumentarisk slekts-stoff, og alt kan skrivast ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar