søndag 3. november 2013

Ei veke på Tenerife i oktober 2013

Vi kjøpte oss uspesifisert tur frå Kristiansand til Tenerife mindre enn ei veke før vi reiste. Slikt kan pensjonistar gjere, og jammen gjekk det over all forventning. Vi fekk eit  fint hotell, og samanlikna med andre norske som vi trefte, kom vi svært godt frå det økonomisk.  Men det var eit par km til stranda i Los Christianos, så det vart mykje gåing. Når ein ikkje har bil, aviser, TV, internett eller kjentfolk i ei heil veke, må ein finne på noko. Altså vart det mosjon, soling ved bassenget, busstur øya rundt, og dagstur til La Gomera. ( Eigen video).  Temperaturen både i bassenget og lufta var 26 grader på dagtid, og regndråpe kom det ikkje sølv om det var litt overskya somme tider.

1 kommentar:

  1. Har du hatt det kjekt på tenerif morfar.Har du vert i byen å handlet. Hilsen Mathias.

    SvarSlett