tirsdag 29. oktober 2013

La Gomera. Ei lita kanariøy. 2013.

Førre veka var vi 6 dagar på Tenerife, og då nytta vi høvet til ein dagstur til La Gomera. Dette er ei lita vulkansk øy med høge fjell og djupe raviner eller dalar ut frå midten. Tidlegare dyrka folk mat på terasser, men desse er ikkje tilkomelege med moderene reiskap, og dei fleste ligg no brakk. Folketalet har gått  ned frå 38000 til 22000 på 30 år, og det fins nesten ikkje hotell eller badestrender. Vegane er utruleg svingete med uhyggelege djupe stup. På 1970-talet heldt der til nokre hippiar som hadde flykta frå verda. På nordsida og oppe i fjella er det litt trevekst, men mykje av jordbotnen er myrkeraud lavagrus.  Vi kom frå det velberga takka vere ein dyktig bussjåfør. Det er tryggare å sjå denne videoen enn å reise dit !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar