tirsdag 2. april 2013

Tiger-safari i India mars 2013.


Dette er ein DVD for dei jakt - og dyreinteresserte. Her får ein vere med på ein 22 min. bildevideo med kommentarer inn i ein nasjonalpark i nokre bussliknande jeepar. Vi såg ulike dyr, fuglar og vegetasjon, og vi var heldige å møte den indiske tiger på so nært hald at vi fekk gode fotografi. Turen med Albatros Travel kosta kr. 10900 fly, buss, hotell, mat og inngangspengar inkludert. Kanskje litt mykje for 2 safariturar i ein nasjonalpark, men vi fekk sjå fleire palass, borger, mausoleer, trafikkaos og fattigdom på kjøpet for dei som likar slikt. De får også vere med inn i hotellet nær nasjonalparken med indisk dans og tropisk vegitasjon.  Denne DVD-en er for dei naturinteresserte, og eg håper det fins nokre slike i Norge.

1 kommentar:

  1. Hei morfar. Fine dvder. Håper det var kjekt å lage dvdene. Hilsen Mathias.

    SvarSlett