tirsdag 26. mars 2013

Indiaturen mars 2013. 2. plate.

Eg fekk ikkje plass til heile bildevideoen på ei plate. Det vart for mange opplevingar på 9 dagar. Opplegget frå Albatros Travel var svært innhaldsrikt, og den norske reiseleiaren utruleg uthaldande og godt inne i indiske tilhøve.Vi såg mange palass og mausoleer. Toppen var Taj Mahal. Større, finare og meir lysande kvitt i marmor enn eg hadde trudd.  Verkeleg eit bygg å ha høgt på Verdsarvlista ! Denne bildevideoen avsluttar opphaldet vårt med bilete frå Agra og Delhi. Der greidde vi til og med å hyre ein trehjul-taxi slik at vi kunne utforske byen litt på eiga hand. Han lovte å møte oss på flyplassen i Delhi neste gong vi kjem, og vise oss India på ein rimeleg måte !. Denne gongen var hotella meir lukseriøse enn vi er tilpassa !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar