torsdag 22. november 2012

Ole Vedeld, busett i Tjølling i Vestfold, sitt Minneskrift. CD-plate.


I 1960 skreiv mor sin onkel, lærar Ole Vedeld f. 1882, mangeårig lærar i Tjølling ved Larvik, eit 93 sider langt handskrive minneskrift om oppveksten sin i Vedelda på Rovdestranda på Sunnmøre på slutten av 1800-talet. Det handla om dagleglivet, og den harde kampen for tilværet både på land og sjø. At gardbrukarane vart sjølveigarar av eiga jord, var ein hovudgrunn til velstandsutvikling og tiltakslyst på Sunnmøre. Eg har skrive det over i betre leseleg form, men teke vare på Ole sin ortografi og uttrykk.  Både orda og kulturen som han skriv om, er no borte. I eige avsnitt finn ein bilete og omtale av mange av dei reidskapane dei brukte, og også nokre fotografi frå same tid.  Eg har fått opplyst at Pål og Ruth Vedeld på Rovdestranda har Ole sitt originalmanuskript. Dette er eit familieklenodium for heile den etter kvart store Vedeld-slekta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar