tirsdag 14. februar 2012

Skuletida til Hans Kragset


Eg gjekk på skule den tida skulane måtte ligge så tett at alle elevane kunne gå til skulen, og då det oftast var ein lærar på kvar skule. Friminutta hadde varierande lengd, og vi måtte springe i kjellaren når det var flyangrep. Å ta vidare utdanning etter folkeskulen, var svært sjeldan. Når ein var konfirmert, var ein klar for arbeidslivet.   Fleire av kammeratane mine drog til sjøss i 16-årsalderen. Sjølv reiste eg til Firda Gymnas på Sandane, og besøkte heim i jul, påske og sommarferien. Eg trur foreldra mine meinte det var viktig at vi kom oss heimanfrå når vi var vaksne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar