tirsdag 22. mars 2011

Steinhovde-steinen og andre store steinar.

Bygda Steinhovden fekk namn frå denne store steinen som låg i fjæra ved innløpet til bukta. I år 2001 låg han der slik han hadde lege i 1000-vis av år. Men no er han skoten og deformert. Vår tid krev kaier og tomter for hus.  På denne DVD-en fortel eg om store steinar og fjellformasjonar her på Vestlandet. Til alle slike er knytt legender og tidvis også overtru. I alle bygder finst slike steinar med segner, og det er synd at dette skal gå i gløymeboka.  Moderne teknologi tek knekken på dei for alltid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar