Vi budde 14 dagar i Puerto del Carmen, hadde eige husvære i 2 etasjer, badebasseng og kort veg til stranda. Med leigebil utforska vi denne vulkan-øya, og vi vart kjende med hyggjelege folk som vi reiste på turar saman med. På Lanzarote er berre eit høghus i største byen på øya. Alle andre hus er låge, og måla i kvitt, blått og grønt. På denne øya har styresmaktene greidd å skape eit heilheitleg miljø, og såleis unngått den følinga av turistmaskin som Kanariøyane elles gjev.
Bøker laga av Hans Kragset
for 5 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar