mandag 7. mars 2011

Selet i Vedeld på Rovdestranda.

I Vedelda var kubeite på fjellet, og mjølkinga av kyrne der oppe viktig i gardsdrifta til ca. 1945. Nokon måtte då kvar kveld opp til selet der dyra var, mjølke, ligge der om natta, mjølke neste morgon, og så bere mjølka ned til garden. Verkeleg eit slit for litt mjølk ! Men der oppe på fjellet var ein fristad for ungdommen. Unge karar gjekk i timevis for å finne huldra ! Og mor fortalde at huldrene var litt skuffa om ingen kom. Her kan ein også sjå fotografi av selet etter eg fekk bilete som mail frå Sigbjørn Vedeld no i 2015 !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar