tirsdag 8. mars 2011

Vingen. Norges største helleristningsfelt.


Ein times båttur sør for Måløy ligg Norges største helleristningsfelt med over 2000 bergbilete i den fråflytta og veglause bygda Vingen. Der er kai, og mykje å sjå. Sist vi var der i 2008, stod der oppslag om at det ikkje var tillate å gå i land utan omvisar. Men denne DVD-en er laga før dette forbodet kom, så her får ein sjå alt. Spesiell er ein video-samtale med Peder Vingen som sjølv fann mange av ristningane. Veg er no i 2013 komen ganske nær Vingen, så har ein eigen bil med ein "ribb" på slep, er staden tilgjengeleg for folk med interesse for steinalderen.I alle høve er ein garantert ikkje å møte mange turistar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar