torsdag 10. mars 2011

Gamle ting frå Vedelda 1



Gjennom mange år på 1980 og 1990-talet fotograferte eg gjenstander i Vedelda på Rovde på Sunnmøre, limte opp bileta på A4-ark, tok med ca. 10 ark til mor mi i Måløy, og bad henne skrive det ho visste. Ho var ikkje tungbedd, og når eg kom med neste sending, var alltid dei forrige ferdige. På denne måten fekk eg kunnskap om ting frå sjølvbergingskulturen si tid på Sunnmøre, og eg fekk skrivne mange ord som no er gått ut av bruk.  Fotografia har eg så lagt inn på DVD-plate, og lese inn mor sine forteljingar. Her får ein altså både bilete og ord med den rette dialekta !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar