torsdag 10. mars 2011

Gamle ting frå Vedeld 2



2. plate med fotografi av gjenstander frå mor, Karen Vedeld Kragset, sin barndom i Vedelda på Rovdestranda.  Mor var fødd i 1908, og var flink til både å fortelje og skrive. Ho var stolt av å vere frå Pål-garden, og såg at den kollosale endringa i liv og lagnad i hennar levetid, gjorde det heilt naudsynt å skrive ned omtale av dei gamle gjenstandane, og å bruke dei rette dialektorda for kvar ting. No i 2012, etter at eg har reinskrive Ole Vedeld sitt "Minneskrift", ser eg at mor si omtale av tinga, utfyller nøye  Ole sine foteljingar om hendingar og  levemåte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar